Steg 1:

Skaff deg ein jobb.

Korleis får eg ein jobb, då?

Den beste måten å få ein jobb på er rett og slett å vera ivrig. Send så mange søknadar du berre klarar, på jobbar du har ein sjanse til å få. Det kan hende at du må sende ganske mange søknadar før du får napp, men om du står på hardt nok er sjansen stor for at du finner eitt eller anna etterkvart.

Her er ein fin stad å starte: Søk etter ledige stillingar hjå NAV

Sliter du med å skrive CV og jobbsøknadar? Sjekk DinSides CV-guide. Ta òg ein titt etter bøker om emnet på ditt lokale bibliotek.

Kva om eg ikkje har lyst til å jobbe?

Då høyrast du isåfall ganske naiv ut. Hadde du forventa at pengane dine berre skulle vekse av seg sjølv utan at du trengte å gjera noko som helst for det? Det finst måtar å gjera dette på, men ikkje i så stor grad som enkelte vil ha deg til å tru. Den beste måten å tjene pengar på er framleis å jobbe. Hadde du trudd at denne guiden skulle ta for seg korleis du kunne tjene hundretusener av kroner i veka i pysjen heimefrå? Sorry, verda fungerer som regel ikkje sånn.

Eg har ein forretningsidé i magen som eg har lyst til å satse på ...

Gratulerer! Gründarar er sjølvsagt svært viktig for samfunnet vi lever i, og har du ein god idé som du klarar å få til å gå rundt, er sjølvsagt ingenting betre enn det. Men ver førebudd på at då må du jobbe enno hardare, og den første tida må du sannsynlegvis ha minimum ein deltidsjobb ved sidan av for å ha ein sjanse til å overleve.

Ingen vil tilsetja meg!

Trist å høyra. Det kan vera fordi du ikkje prøver hardt nok. Kanskje du siktar for høgt fordi den einaste prioriteringa di er å bli kjapt rik, og du ikkje tar dine realistiske evner med i vurderinga? Det er ein sjanse for at du kanskje kan finne litt hjelp i steg 2.

Gå vidare >>>

Privacy Policy | © 2010