Steg 7:

Set pengane dine i banken.

Her meiner eg «banken» i aller vidaste forstand av ordet. Eg skal på ingen måte gi deg tips om kvar du plasserer pengane dine. Men det kan lønne seg å setja dei pengane du sparer til side, fordi du elles risikerer å bruke dei opp. Sjølv det å putte pengane på ein god gamal sparegris vil vera betre enn å sløse dei på andre ting -- heile poenget er nemleg å gjera pengane mindre tilgjengeleg.

Sjølvsagt bør du òg prøve å få sett pengane der du føler at du får best avkastning for dei. Sjølv held eg meg til god, gamaldags banksparekonto med heilt grei rente. Men dersom du klarer å berre leggja pengane til side, er det det viktigaste. Målet ditt er at du ikkje skal ha pengane ståande på brukskonto slik at du blir frista til å ta tjue ekstra øl på byen.

Dersom du etter at alle rekningar er betalt ser at du har igjen 2000 kroner meir enn du har behov for til forbruk, flytt pengane over til sparekontoen med ein gong. Gjer du ikkje det, er sjansen stor for at dei glir inn i forbruket utan at du legg merke til det.

Så kvar skal eg spare pengane mine?

Det er eg på ingen måte kvalifisert til å gi deg råd om. Eg held meg som sagt til god, gamal sparekonto i banken. Dersom du er litt meir avansert og veit at du ikkje treng pengane på veldig lang tid, kan det kanskje vera verdt å prøve seg på aksjefond. Dersom du er under 34 år gamal og sparer til bolig, bør du absolutt skaffe deg ein BSU-konto. Har du eit stort lån, vil det som regel vera meir lønnsamt å betale ned på gjelda enn å setja pengar på sparekonto. Moglegheitene er mange. Sjekk heimesidene til banken din, dei kan sannsynlegvis hjelpe deg. Eller titt litt på det du finn av andre bankar der ute.

Finn beste høgrente: VGs høgrentekalkulator

Eitt tips vil eg likevel gi same korleis du vel å spare: Start med ein bufferkonto. Ein konto med pengar du ikkje rører, men som står der dersom du skulle få behov for dei. Du veit aldri når vaskemaskina kjem til å ryke, du har alltid ein risiko for å bli yrkesufør, er det trange tider mister du kanskje jobben, og plutseleg får du ei stor rekning som du ikkje hadde sett av pengar på rekningskonto til. Då er det viktig å ha pengar til slike uforutsette ting ståande på ein reservekonto, slik at ein ikkje treng å selja aksjefond eller avslutte BSU-kontoen av slike grunnar. Men dette er uansett ein nødbuffer: Du kan ikkje ta pengar herfrå for å kjøpe nye bukser.

Eg vil òg anbefale at du klarer å bruke regningskontoen for det han er verdt: Set av pengar til alle rekningar som skal betalast i løpet av året. Set av pengar til alle jule- og bursdagsgåver. Set av pengar til ferien. Sjølv om du sjølvsagt prøver å halde forbruket nede fordi du blei så inspirert av steg 3, skal du ha råd til å leve. Men resten kan du godt spare.

Kor lenge må du spare? DinSides millionærkalkulator

Hei! Eg følgjar alle desse stega, og eg er framleis ikkje rik!

Eg sa aldri at du skulle bli rik over natta. Sånt tar tid. Men litt nærare vil eg tru at du er.

Og uansett er ikkje dette ein av dei nettstadane som tar mange hundre kroner pluss din verdifulle kontaktinformasjon for å fortelja deg korleis du blir rik, så du har strengt talt ikkje tapt noko som helst.

Bortsett frå tid, så klart. Masse, masse tid. Og eg har sannsynlegvis grilla eit par av hjernecellene dine med det gyselege designet mitt. Beklager.

Og skulle du mot formodning vera fornøgd med denne guiden og føler at du fekk noko igjen for å lese han, set eg sjølvsagt pris på det om du delar han med venene dine.

Takk for at du tok deg tid til å bla gjennom Slik blir du rik!!!1!

Privacy Policy | © 2010