Steg 6:

Ikkje ver så himla lettlurt.

Dette punktet må med fordi mange av dei som drøymar om å bli rike er ekspertar på å kaste pengane sine rett ut av vindauget. Pyramidespel, MLM, pengespel ...

Hæ? Lotto er ikkje naivt, vel! Folk vinner store pengar på det!

... og enno fleire taper. Ja, det finst dei som vinn store pengar i Lotto, men sjansen for å få toppremien er ein til fem millioner. Sjansen for å vinne femtepremie? 1:171. Tipper du ei lottorekke i veka, vil du statistisk sett kunne vinne ein premie kvart tredje år. Det store fleirtalet av desse premiane vil vera femtepremiar. Statistisk sett tapar du stort på dette.

Dette gir veldig stor meining når du tenkjar over det: Av alle pengane som kjem inn til Norsk Tipping for leverte lottokupongar, blir berre 50 % brukt til premiar. Resten går rett i lomma på Kulturdepartementet. Så dersom ein ser på kor store premiar alle som tipper Lotto får utbetalt i gjennomsnitt, vil premien vera berre halvparten av det ein faktisk betaler for å tippe.

Eg kjenner ein som har vunne i Lotto!

Eg vedder på at eg kjenner tjue personar som tippa same veke utan å vinne noko som helst. Heilt logisk sett, kva for ein av desse leirane trur du at du kjem til å hamne i?

Les meir om Lotto: 10min.no

Eg er ikkje naiv, eg bruker pengane mine på fornuftige ting! Har du høyrd om CarbonCopyPRO? Du har kanskje sett ein annonse for å tjene masse pengar heimefrå på Facebook?

Jamenherreguddå. Du betaler 300 kroner berre for å få vite kva konseptet handlar om. Du betaler 2500 kroner for eit produkt som ikkje eigentleg har så veldig stor verdi utanfor USA, og du betaler enno meir pengar for å få lov til å verve nye medlemer på enno høgare nivå. Og du betaler ein månadsavgift for å få lov til å halde fram med å vera med på dette. Ettersom produktet er verdilaust går heile konseptet ut på å verve andre (korleis pokker er det annleis frå pyramidespel?). Og for kvar einaste vellykka sal du har, skapar du ein ny konkurrent til deg sjølv. Er det verkeleg dette du trur det er veldig intelligent å skyte pengane sine inn i?

Meir om CarbonCopyPRO: CCP-tråden på Webforumet.no

CCP er ikkje pyramide! Dei sel opplæring! Er det noko galent i å selja opplæring?

Nei, eg har ingen problemer med sal av digitale produkt eller sal av opplæringstenester. Men det er jo ikkje dette CarbonCopyPRO marknadsførast som. Har du nokon gong sett ein CCP-reklame som promoterer seg sjølv med «Her får du opplæring i online marknadsføring»? Eg har iallefall ikkje det. Alle annonser for CCP tar for seg ein ting: Du kan òg bli rik gjennom å selja CarbonCopyPRO!

Vel, du kan ikkje det. Eit par menneske på toppen har moglegheit til å bli rike (av ein einaste grunn, og det er at folk er lettlurte). Og vi får sjå kor mykje glede dei får av desse pengane den dagen CCP blir forbudt i Noreg.

Meir om CarbonCopyPRO: 10min.no

Ærleg talt. Det er ikkje lenge sidan The 5 Percent Community, altså. Og likevel florerer det av nye «bli rik kjapt»-selskap. Ja, du er naiv dersom du trur at dette er noko du kan bli veldig, veldig rik på.

Gå vidare >>>

Privacy Policy | © 2010